Sander Eide Aase, 5. plass

5. kandidaten er den yngste kandidaten i årets Sametingsval, Sander Eide Aase. Skuleeleven frå Hardanger er nett vorte 18 år.

Eide Aase bur i Tørvikbygd i Hardanger. Han har lenge engasjert seg i SP lokalt og har no bestemt seg for å engasjera seg i samepolitiske saker.

Sander brenn for like rettar for alle med samisk bakgrunn, uansett kor i landet dei bur. Han brenn særleg for unge med samisk bakgrunn og deira rettar. Dette arbeidet driv han og i sine verv som nestleiar i Kvam Ungdomsråd og som medlem i Vestland Ungdomsutval

Saker i media med Sander:

Framtida.no 09.07: Mora hennar var 18 år da ho vart vald inn på Sametinget. No følgjer Aina (21) i moras fotspor